www.lokalmagasinet.no SOON OG OMEGNS VEL Fr. 14. des. 2018
Meny























 

 

 

 
 
 
(Foto/tekst fra LM/Songalleriet/Svein-H. Strand)

Kampvotering i vellet – Gudmundsen attende

Publisert mars 2005
(LM – Svein-Harald Strand) Med 20 mot 13 røyster blei Aud Baann stemt ut. Dermed er veteranen Ivar Gudmundsen (59) attende som leiar i Soon og Omegns Vel etter 12 år utanfor alt arbeid i foreininga. Gudmundsen har gjennom fleire periodar vore ein markant velleiar med historisk gode resultat. Første gong han leia vellet var i åra 1974 og 1975.  

Til årsmøtet mandag hadde valkomiteen satt fram forslag på gjenval av Baann. Men då vala skulle gjennomførast, satte Nora Waldem fram Gudmundsen som motkandidat.

Gudmundsen gjorde det då klart at han ville ha med seg Baann i det viktige arbeidet som ligg føre med å meisle ut ein modell som kan bidra til å sikre ei god og bærekraftig utvikling for Son-samfunnet, til tross for mange politiske vedtak no om dagen som peikar i ei anna retning.

Det vervet som då var aktuelt for Baann, utan å måtte gjere om på fleire av plassane som valkomiteen hadde satt opp navn på, var ein av dei to plassane som vararepresentant med møterett.

Men Baann sa at dette ikkje var noko alternativ ho kunne akseptere. Det måtte bli leiarvervet eller ikkje noko styreverv i det heile tatt.

BAK KAMPVOTERINGA
ligg ein god del misnøye med den låge profilen foreininga har hatt i høve til aktuelle emner i Son dei siste åra. Der vellet i det heile tatt har ytra seg, har det vore med ei stemme som ikkje har sendt ut signalar om eit sterkt og breitt engasjement.

Soon og Omegns Vel, som blei satt i gang i 1929, hadde tidlegare ein lang tradisjon som bærar av nettopp engasjement; det var heller regelen enn unnataket at det var vellet som tok initiativ i mellom anna reguleringssaker som segla opp. Då blei det gjerne fart i den offentlege debatt, i både skrift og tale, og i den daglege samtale i Son.

Det var i mangt og mykje ei slags oppdragarrolle i samfunnsengasjement vellet hadde i nærmiljøet og jamvel i mange krinsar utover det, særleg i dei åra Gudmundsen var leiar.

Alt utan at nokon på alvor hevda at vellet gjekk ærendet til noko politisk retning. Å argumentere på sak var vellets varemerke.  

RESULTATA SYNTE SEG
på den måten at foreininga både blei høyrt og peika på som referanse, om enn den ikkje fekk gjennomslag for standpunkta sine kvar einaste gong.

Mange avstemmingar i kommunestyret blei for øvrig avgjorde med små marginar.
Ikkje sjeldan blei det dermed sånn at vellet satte opp premissane for politiske standpunkt hos dei som blei store mindretal då kommunestyret stemte over historiske bolig-, veg- og skulesaker på 1970- og 80-talet.

Ein opplevde óg at mindretal blei til fleirtal då saker kom opp til fornya handsaming fordi kravet til kvalifisert fleirtal ikkje ble nådd første gong. I mellomtida hadde det vore arbeidd i kulissane både her og der for å snu vedtaket med den eine eller dei få stemmane som skulle til i den nye handsaminga, då det berre trengtes simpelt fleirtal for å få eit lovleg vedtak.

Velforeiningas klare, godt begrunna og standhaftige nei til mellom anna atomkraftverk i Kjøvangen (!), varmekraftverk i Emmerstadbukta, storflyplass i Hobøl og nedbygging av dyrkbar mark på Store Brevik gløymer vi ikkje!

I alle desse sakene i regional megaklasse, sto altså vellet på vinnersida!

Så mange år etterpå er det lett å gløyme kva det var om å gjere, og vi tek det som sjølvsagt at tinga er som dei er i dag.

I DET SONSNÆRE:
Eg vil tru at dei fleste i Son i dag tek for gitt at den monumentale trebygninga Korens Pensjonat på Stenløkka enno står der og kneiser så fin og flott i bakken.

Å nei, du! ”Det gamle røkkelet” skulle rivast, det. MÅTTE rivast! Meinte bygningsrådet.

Nokre ”framstegsvenlege” planleggjarar hadde klart å innbille dei at bygninga sto i vegen for ei god løysing for eldresenteret som skulle byggjast i nærleiken. Og var det ikkje for dét, så måtte bygninga rivast fordi den var i for dårleg stand. Den kunne ikkje restaurerast utan at kostnadene blei for store.

Og ”rivingspolitikarane” hadde mange veljerar i Son på laget. Til og med pensjonistforeininga gjekk i hissig demonstrasjonstog midt på blanke føremiddagen for å stø rivesaka då ho tok til å vakle før det endelege politiske slaget.

Men Soon og Omegns Vel med sin fag- og skrivekyndige arkitektformann Gudmundsen sto løpet ut og bidro til eit knepent, historisk vernevedtak i kommunestyret!

KAN DET PÅ NYTT vekse fram finslipte potente aksjonar i vel-hula i Birkelandgården (som bygningsrådet óg ville rive då Torggården skulle byggjast!)?

Kan vellet igjen bli ei spanande og medrivande smie med han Ivar som formann og ei ektefelle Kari-Anne Slettjord som billedleg kausjonist i fall han Ivar skulle miste gløden eller ta til å gå i feil utbyggjingstakt?

Eller er det no andre grep som trengs for at forstandige, men somme tider litt tankekrevjande og kanskje utfordrande bodskap, skal nå fram og tenne elden hos innbyggjarar og politikarar?

I dag skal ein bodskap Kommuniserast, noko som inneber både det eine og det andre i ein tovegs prosess – altså noko meir enn det som ligg i omgrepet informasjon – og i ei rekkje kanalar. Nokre av kanalane, som internett, fantes ikkje den gongen Gudmundsen sist var leiar i vellet, tenk på dét!

Det vil truleg ikkje gå lang tid før det syner seg korleis det er med den saka hos den attendekomne leiaren, og om han kan få til den naudsynte samhandlinga i styret.

Sjøl Ivar i gamalt slag kan jo ikkje gjere alt aleine!

I det ligg óg ei melding om at den nye leiaren er ein ihuga foreiningsdemokrat.

At han kan vere ein luring og taktikar av rang, endrar ikkje noko på dét. Demokratisk og rettvist skal og må det vere; om mogleg desto meir jo hardare ein trår til.

Følg med, vi går spanande tider i møte!
Lokalmagasinet.no (LM) er et uavhengig allment nettmagasin
Ansvarlig redaktør og utgiver: Svein-Harald Strand
Strand Prinfo, Postboks 160, 1556 Son, tlf 64 95 73 48
post@lokalmagasinet.no | www.lokalmagasinet.no
web: info helgeland