|
|
|
Dagny Halds skulptur som ønsker alle sjøfarende velkommen til den gamle hollenderstaden Son.
LM-foto: Sturla Strand ©.
|
|
|
FOTO av rådmann Knut Haugestad: Frå vestby.kommune.no
(LM – Nyheitsdesk Helg) Vestby kommune har for andre gong avslått ein søknad frå Lokalmagasinet.no om å bli likestilt med lokalavisane, som får formannskaps- og kommunestyredokumenter postsendt gratis.
Dette går fram av ein e-post som redaksjonen i går fekk frå sekretariatet i sentraladministrasjonen.
Nettstaden må også i fortsettinga betale 250 kroner for eitt års abonnement, noko som skal tilsvare portokostnadene som kommunen har.
Forrige gong, i fjor, blei avslaget grunngitt med at nettstaden, ifølgje rådmann Knut Haugestad, var for liten.
Sidan den gong kan Lokalmagasinet.no slå i bordet med statistikk som syner eit årsbesøk på 60 000 (i 2006) og som aukar jamt, kvartal for kvartal. På månadsbasis er dette inntil 1400 besøk.
VARSLAR NYTT REGLEMENT
Men no heiter det at ein må ta opp att dette spørsmålet etter kommunevalet i haust, for då skal det lagast eit nytt reglement.
– Kva kommunevalet har med denne saka å gjere er blant fleire ting som eg no har bedt om å få eit svar på, seier ansvarleg redaktør Svein-Harald Strand.
Etter all uviljen som blir vist Lokalmagasinet.no frå leiande hald i Vestby kommune blir det vurdert å ta saka opp med Presseforbundet, Sivilombudsmannen og Fylkesmannen i Oslo og Akershus. Redaktøren vil la svaret på tilbakemeldinga hans avgjerde kva som no skal skje med saka. Svaret blei sendt allereie same dag som avslaget frå kommunen kom.
– LIKNAR OFFENTLEG FORSKJELLSBEHANDLING
– Dette liknar stadig meir på ei offentleg forskjellsbehandling som kan forklarast med det vi skriv om kommunen, seier Strand.
– Rådmannen har sagt det motsatte i eit intervju med Østlandets Blad, etter at han nekta å leggje ut lenke til nettstaden på kommunen si heimeside. Men vi får no stadig større grunn til å tru at dette er noko som spring ut av at vi tek samfunnsrolla vår på alvor i det lokale, og praktiserar ein journalistikk som mellom anna ikkje slører til dei negative tinga som skjer i det lokale styringsverket. Dette gjeld tildels det eg vil kalle tvilsamme haldningar og systemfeil og som til sjuande og sist berører heila lokalsamfunnet som kommunen er satt til å tene, seier redaktør Strand.
Nyheitsdesken legger ut svaret frå kommunen, og redaktørens lange tilsvar, seinare i dag.
|
|