www.lokalmagasinet.no NYTT OM LOKALMAGASINET.NO | Fleire "lange" lesarar Tir 22. mai 2012
Meny
 
 

Dagny Halds skulptur som ønsker alle sjøfarende velkommen til den gamle hollenderstaden Son.

LM-foto: Sturla Strand ©.

Ingen steder er
spennvidden så stor!

FLEIRE "LANGE" LESARAR

 ILLUSTRASJON: stock.exchng

Publisert 26.09.07

(LM) Andelen lesarar som nyttar mellom eit kvarter og ein time (!) på kvar sesjon med Lokalmagasinet.no aukar. Andelen ligg no i september på mellom 15 og 16 prosent.

Ja, det er mykje interessant og hyggeleg å lese, analysere og lære av trafikkregistreringa på panelet som er knytt opp til servaren.

Med strategi- og konkurransehensyn å ta vare på: Fleire detaljer slepp vi ikkje ut! Berre dette, for deg som undrast på det med å lese LM i ein time: Det er faktisk såpass mange som 2,3 prosent som har tøyd sesjonen så langt.

Og ikkje berre dét: Nokre få holdt faktisk på i meir enn ein time! Kor mykje meir, teier statistikken om.

Registreringa seier heller ikkje noko om kor lang tid lesarane er på kvar side. Men skal vi tippe at dei mange bildealbum og anna tidløst magasinstoff har noko med lang besøkstid å gjere?

INFO- OG DOKUMENTASJONSSENTRAL

Dessutan er det faktisk sånn at Lokalmagasinet.no, etter fem års strev, held på å bli litt av ein lokal informasjons- og dokumentasjonssentral:

Ei nøyaktig opptelling har vi ikkje hatt, men alt i alt har vi no liggjande ”i sending” rundt 1000 ulike sokalla URL-er, det vil seie einskilte vevsider. For tida blir rundt 800 av desse sidene nytta av lesarane frå månad til månad, etter det vi kan lese av på servarpanelet.

Ha det det godt med Lokalmagasinet.no i fortsettinga óg! Vi skal halde fram med å gjere så godt vi kan. Som det står på ei tekstmelding som hugselapp til vevsjefen:

SKARPT OG GRANSKANDE

Skarpt og granskande i høve til styresmaktene. Alt i beste journalistiske tradisjon, som samfunnsoppdrag, og – som liten – med fare for å bli satt utanfor det sokalla gode politiske selskap.

Elles: Mildt og mjukt, nyttig, avslappande og inspirerande.

Ja, sånn lyder redaktørens marsjordre.

Då fekk eg visst med alt, og det var ikkje så lite. Ha ein fin dag!

Vevsjefen

Lokalmagasinet.no (LM) er et uavhengig allment nettmagasin
Ansvarlig redaktør og utgiver: Svein-Harald Strand
Strand Prinfo, Postboks 160, 1556 Son, tlf 64 95 73 48
post@lokalmagasinet.no | www.lokalmagasinet.no
web: info helgeland