NYTT KLIMA I BANK
ILLUSTRASJONSFOTO: stock.exchng
Publisert 10.05.07
(LM – Nyheitsdesk/Naturvernforbundet) – Vi tek klimatrusselen på alvor, og ønskjer å framstå som truverdige, først og fremst ved å gjere noko sjølve, seier administrerande banksjef Arvid Andenæs til Firda. Miljøvennlege firmabilar, energieffektivisering i banklokala, og fleire videokonferansar for å redusere talet på flyreiser er blant tiltaka.
- Det er ingen tvil om at dei tilsette i Sparebanken Sogn og Fjordane meiner alvor, seier Lars Haltbrekken.
– Dei har gått inn i ei kontraktfesta avtale med Vestlandsforsking. Det er eit forskningsmiljø vi kjenner godt og har full tillit til. Med slike rådgjevarar har dei tilsette garanti for at tiltaka dei gjennomfører ikkje blir slag i lause lufta, men har positiv miljøeffekt.
Ifølgje Firda skal forskarane kartleggje utsleppa av CO2 og andre farlege klimagassar i fylket.
Dei skal også vurdere kor sårbare næringane er for klimaendringane.
Og dei skal hjelpe banken med å finne fram til løysingar som både næringslivet og klimaet vil tene på.
BEREKRAFTIG BANKDRIFT
Direktøren for Vestlandsforsking, Agnes Landstad, slår fast at det står det respekt av at banken rettar søkjelyset mot seg sjølv og vil stå på for å drive banken berekraftig.
Ho meiner satsinga kan stå som eit døme for miljøtilpassing i næringslivet ikkje berre i Noreg, men internasjonalt.
POSITIVE TILSETTE
Denne satsinga hadde ikkje vore mogleg utan oppslutninga frå dei tilsette. Magnus Vie, som er hovudtillitsvalt i Sparebanken Sogn og Fjordane, stadfestar at dei tilsette i banken er positive til klimasatsinga.
Vie har sjølv rekna ut at han ved å sykle til jobben, kan spare 25 000 kilometer bilkøyring.
Til bladet Firda opplysar han at dei har sett ned ei gruppe som skal sjå på kva dei kan gjere både i høve til bank- og jobbsituasjonen og når det gjeld forbruk og private vanar for kvar enkelt.
PÅ NETTSIDA MED TI KLIMABOD
Sparebanken Sogn og Fjordane har allereie sett opp ti klimabod på internettsida si og er i gong med innsatsen for å bremse klimaendringane. Her er klimaboda:
■ 1. Premiere «sykle til jobben» og andre tiltak blant tilsette som reduserer bilbruken.
■ 2. Energiøkonomisering i alle bygg, og overgang til meir miljøvennlege firmabilar.
■ 3. Meir bruk av video og telefonkonferansar i staden for flyreiser.
■ 4. Fokus på gjenbruk.
■ 5. Årleg klimarekneskap frå banken.
■ 6. Klimaspørsmålet integrert i strategiske planar for banken.
■ 7. Informasjon og kurs om klimaspørsmål for kundar og bransjar.
■ 8. Investere i eit forpliktande samarbeid med Vestlandsforsking.
■ 9. Setje miljøkrav til leverandørane.
■ 10. Delta i klimadebatten i fylket.
(Kilde: Sparebanken Sogn og Fjordane)Tilbake
|