www.lokalmagasinet.no LOKALHISTORIE | GAMLE BILDER | Det var ein gong på femitalet Lør 11. feb 2012
Meny
 
 

Dagny Halds skulptur som ønsker alle sjøfarende velkommen til den gamle hollenderstaden Son.

LM-foto: Sturla Strand ©.

Ingen steder er
spennvidden så stor!

Det var ein gong på femtitalet


Publisert 19.02.10 Ja, her ser nok alle kor hen i Son vi er, endå vi i tid er på slutten av 1950-talet og eitt av husa på biletet ikkje lenger er hos oss. Kven gutta boys foran varebilen er, det veit vi ingen ting om, heller ikkje Reidar Johansen som har sendt biletet. Her trengs det ein navnedugnad blant dei ekte soningane! Den dugnaden kan få gå føre seg når vi her har lagt ut ein versjon i storformat av biletet som har stått på forsida sidan fredag. Andleta er no blitt til å kjenne att for dei som veit ...
Fotograf ukjent

Publisert 23.02.10 Hør, hør, alle som jaktar på namn i samband med bildet av gutta boys på Son torg på slutten av femtitalet: I går kom det e-post frå den utflytta soningen Knut Johnson, som mange soningar frå den første etterkrigsgenerasjonen kjenner eller minnes.

♦ Knut har ikkje mindre enn namnet på kvar einaste ein frå venstre til høgre. Som om ikkje det er nok, har han også namnet på kvinna som står på svalgangen i Spinnerigården! Vi takkar og bukker, og gjengir nedanfor heile meldinga: 

Hei!
Jeg kjenner navnene på bildet, de kommer her! (To av navnene er feilrettet 02.03.10. Viktigst: "Oluf Kjøniksen", førstemann fra venstre, viste seg å være Roar Kjønnerud!. Red.)

Bak fra venstre Roar Kjønnerud, Harald Pedersen, Rolf Henry Johnson, "Barbus" Jan Erik Strand, Jan Johansen, Tor Johnsen, og Alf Værsletta (Veslesletta).

Sittende foran på sparken: Johnny Aasen.

I bakgrunnen, på fast plass på gangen: Mor til Tor Johnsen.
 
Det var veldig moro å se bildet i avisen!
 
Med vennlig hilsen
Knut Johnson (også kjent som sønn til Hvalfangeren)
Lokalmagasinet.no (LM) er et uavhengig allment nettmagasin
Ansvarlig redaktør og utgiver: Svein-Harald Strand
Strand Prinfo, Postboks 160, 1556 Son, tlf 64 95 73 48
post@lokalmagasinet.no | www.lokalmagasinet.no
web: info helgeland