www.lokalmagasinet.no LAVPULS | BILDEALBUM | Å bu i Son kan vere ... Tir 22. mai 2012
Meny
 
 

Dagny Halds skulptur som ønsker alle sjøfarende velkommen til den gamle hollenderstaden Son.

LM-foto: Sturla Strand ©.

Ingen steder er
spennvidden så stor!

Å bu i Son kan vere ...




Publisert 18.01.09  Innsendt foto: Badi Batchelor


Å bu i Son kan vere
ein gryande vinterfredag 
å vakne
til noko annleis

Augneblinksyner
som ikkje var der i går
som kanskje aldri kjem attende til meg
er der no ja berre no

Trekke gardina mot vest
i mitt vindauge mot verda
sakte sakte til sides
akkurat då det fargelause har fargar

Akkurat då "Hausten"
i teneste jamvel ein gryande januardag
rundar Laksa-odden
for fulle segl

Å bu i Son kan vere
ein morgongråkvit pastell ein annan ser
som kan gje meg òg ei glede
så stor at eg skriv eit lite dikt

SVEIN-HARALD STRAND
18. januar 2009
 
Lokalmagasinet.no (LM) er et uavhengig allment nettmagasin
Ansvarlig redaktør og utgiver: Svein-Harald Strand
Strand Prinfo, Postboks 160, 1556 Son, tlf 64 95 73 48
post@lokalmagasinet.no | www.lokalmagasinet.no
web: info helgeland